Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 19:6-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Og då han såg seg om, fekk han auge på ein brødleiv, baka på glødande steinar, og ei krukke med vatn ved hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.

7. Men Herrens engel kom ein gong til, rørte ved han og sa: «Stå opp og et! Elles blir vegen for lang for deg.»

8. Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter til han kom til Guds-fjellet, Horeb.

9. Der gjekk han inn i ei hòle og sov der om natta.Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kvifor er du her, Elia?»

10. Han svara: «Eg har vist brennande iver for Herren, allhærs Gud. For israelittane har forlate pakta di, altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»

11. Då sa Herren: «Gå ut og still deg opp på fjellet for Herrens andlet, så vil Herren gå forbi!» Føre Herren kom ein stor og sterk storm som kløyvde fjell og knuste knausar, men Herren var ikkje i stormen, etter stormen eit jordskjelv, men Herren var ikkje i jordskjelvet,

12. etter jordskjelvet ein eld, men Herren var ikkje i elden, etter elden – lyden av ei skir stille.

13. Då Elia høyrde den, drog han kappa føre andletet, gjekk ut og stilte seg i hòleopninga.Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?»

14. Han svara: «Eg har vist brennande iver for Herren, allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di. Altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»

15. Då sa Herren til han: «Gå tilbake den vegen du kom, og ta så vegen gjennom ørkenen til Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane!

16. Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 19