Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 19:4-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Sjølv gjekk han ei dagsreise ut i ørkenen. Han kom til ein gyvelbusk, sette seg under han og bad om å få døy. «No er det nok, Herre!» sa han. «Ta livet mitt! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»

5. Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. I det same rørte ein engel ved han og sa: «Stå opp og et!»

6. Og då han såg seg om, fekk han auge på ein brødleiv, baka på glødande steinar, og ei krukke med vatn ved hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.

7. Men Herrens engel kom ein gong til, rørte ved han og sa: «Stå opp og et! Elles blir vegen for lang for deg.»

8. Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter til han kom til Guds-fjellet, Horeb.

9. Der gjekk han inn i ei hòle og sov der om natta.Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kvifor er du her, Elia?»

10. Han svara: «Eg har vist brennande iver for Herren, allhærs Gud. For israelittane har forlate pakta di, altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»

11. Då sa Herren: «Gå ut og still deg opp på fjellet for Herrens andlet, så vil Herren gå forbi!» Føre Herren kom ein stor og sterk storm som kløyvde fjell og knuste knausar, men Herren var ikkje i stormen, etter stormen eit jordskjelv, men Herren var ikkje i jordskjelvet,

12. etter jordskjelvet ein eld, men Herren var ikkje i elden, etter elden – lyden av ei skir stille.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 19