Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 19:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. etter jordskjelvet ein eld, men Herren var ikkje i elden, etter elden – lyden av ei skir stille.

13. Då Elia høyrde den, drog han kappa føre andletet, gjekk ut og stilte seg i hòleopninga.Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?»

14. Han svara: «Eg har vist brennande iver for Herren, allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di. Altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»

15. Då sa Herren til han: «Gå tilbake den vegen du kom, og ta så vegen gjennom ørkenen til Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane!

16. Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg.

17. Det skal gå så at den som slepp unna sverdet til Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet til Jehu, skal Elisja drepa.

18. Men eg vil la sju tusen vera att i Israel, alle som ikkje har bøygd kne for Baal og ikkje har kyst han med sin munn.»

19. Elia drog bort frå Horeb og fann Elisja, son til Sjafat, som heldt på og pløgde. Tolv par oksar gjekk føre han, og sjølv følgde han det tolvte paret. Med det same Elia gjekk forbi, kasta han kappa si over han.

20. Då lét Elisja oksane gå, sprang etter Elia og sa: «Lat meg først få kyssa far og mor til avskil, så skal eg følgja deg!» Elia svara: «Gå og kom så att! For du veit kva eg har gjort med deg.»

21. Då vende Elisja seg frå han. Han tok dei to oksane og slakta dei, og med åket som brensle kokte han kjøtet. Det gav han til folket, og dei åt. Så reiste han seg og følgde Elia som tenaren hans.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 19