Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 19:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ahab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd.

2. Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå med ditt liv slik det gjekk med livet til profetane.»

3. Då vart Elia redd og skunda seg av stad for å berga livet. Han kom til Beer-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han tenesteguten sin bli att.

4. Sjølv gjekk han ei dagsreise ut i ørkenen. Han kom til ein gyvelbusk, sette seg under han og bad om å få døy. «No er det nok, Herre!» sa han. «Ta livet mitt! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»

5. Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. I det same rørte ein engel ved han og sa: «Stå opp og et!»

6. Og då han såg seg om, fekk han auge på ein brødleiv, baka på glødande steinar, og ei krukke med vatn ved hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 19