Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 18:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Når eg no går frå deg, rykkjer Herrens ande deg bort til ein stad eg ikkje veit om. Kjem eg så og fortel dette til Ahab og han ikkje finn deg, drep han meg. Og eg, tenaren din, har då frykta Herren heilt frå ungdomen av.

13. Har ingen fortalt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde dei, hundre i talet, femti mann i kvar hòle, og sytte for mat og drikke til dei.

14. Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!»

15. Då sa Elia: «Så sant han lever, han som eg tener, Herren over hærskarane: I dag skal eg stiga fram for kongen.»

16. Obadja gjekk til Ahab og fortalde han dette. Ahab gjekk så for å møta Elia.

17. Med det same Ahab vart vâr Elia, sa han: «No, der er du, du som fører ulukke over Israel!»

18. Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og huset til far din. De har vendt dykk frå Herrens bod og følgt Baal-gudane.

19. Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hos meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Baal-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som får mat ved Jesabels bord!»

20. Så sende Ahab bod ikring til alle israelittane og kalla profetane saman på Karmel-fjellet.

21. Elia steig fram for heile folket og sa: «Kor lenge vil de halta til begge sider? Er Herren Gud, så hald dykk til han, og er Baal Gud, så hald dykk til han!» Men folket svara ikkje eit ord.

22. Då sa Elia til dei: «Eg er den einaste som er att av Herrens profetar. Men av Baal-profetane er det fire hundre og femti.

23. Lat oss no få to oksar! Så kan dei velja seg den eine oksen, dela han opp og leggja han på veden; men de må ikkje tenna på. Og eg skal stella til den andre oksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld.

24. Så kan de kalla på guden dykkar ved namn, og eg vil kalla på Herren ved namn. Den guden som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folket svara: «Godt, lat det vera så!»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 18