Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 16:8-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. I det tjuesjette året Asa var konge i Juda, vart Ela, son til Basja, konge i Israel. Han styrte i Tirsa i to år.

9. Tenaren hans, Simri, som var kommandant for halvparten av vognstyrken, fekk i stand ei samansverjing mot han. Ein dag sat kongen og drakk seg full i huset til Arsa, som var borgherre i Tirsa.

10. Då kom Simri dit og slo han i hel. Det hende i det tjuesjuande styringsåret til Juda-kongen Asa. Simri vart konge etter Ela.

11. Så snart han hadde vorte konge og sett seg på trona, slo han i hel heile Basjas ætt. Han lét ikkje ein einaste mann vera att, verken av dei næraste frendane eller av venene hans.

12. Simri rydda ut heile Basjas ætt, slik som Herren hadde sagt til Basja gjennom profeten Jehu.

13. For Basja og Ela, son hans, hadde synda og fått israelittane med på all si synd, og med sine gagnlause gudar hadde dei gjort Herren, Israels Gud, rasande.

14. Det som elles er å fortelja om Ela og alt det han utretta, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

15. I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han regjerte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir ikring Gibbeton, som høyrde filistrane til.

16. Same dagen som alle israelittane i leiren fekk høyra at Simri hadde fått i stand ei samansverjing og så slege kongen i hel, gjorde dei der i leiren hærføraren Omri til konge over Israel.

17. Så drog Omri opp frå Gibbeton med heile hæren og kringsette Tirsa.

18. Då Simri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgtårnet. Han sette kongeborga i brann og døydde i flammane.

19. Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens auge. Han hadde følgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei.

20. Det som elles er å fortelja om Simri og den samansverjinga han fekk til, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

21. No delte Israelsfolket seg i to. Den eine halvparten følgde Tibni, son til Ginat, og ville ta han til konge. Den andre halvparten følgde Omri.

22. Dei som heldt med Omri, fekk overtaket over dei som heldt med Tibni, son til Ginat. Så døydde Tibni, og Omri vart konge.

23. I det trettiførste året Asa var konge i Juda, vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år.

24. Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. På det fjellet bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde eigd fjellet.

25. Omri gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han bar seg verre åt enn nokon før han.

26. Han følgde i eitt og alt den same vegen som Jeroboam, Nebats son, og gjorde dei same syndene som han hadde fått israelittane til å gjera. Med sine gagnlause gudar gjorde han Herren, Israels Gud, rasande.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 16