Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 16:23-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. I det trettiførste året Asa var konge i Juda, vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år.

24. Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. På det fjellet bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde eigd fjellet.

25. Omri gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han bar seg verre åt enn nokon før han.

26. Han følgde i eitt og alt den same vegen som Jeroboam, Nebats son, og gjorde dei same syndene som han hadde fått israelittane til å gjera. Med sine gagnlause gudar gjorde han Herren, Israels Gud, rasande.

27. Det som elles er å fortelja om Omri og det han utretta, om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

28. Så gjekk Omri til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og son hans, Ahab, vart konge etter han.

29. I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Ahab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte over Israel i Samaria i tjueto år.

30. Ahab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han bar seg verre åt enn nokon før han.

31. Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam, son til Nebat. Han gifte seg òg med Jesabel, dotter til Etbaal, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Baal og tilbe han.

32. I det Baal-tempelet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Baal.

33. Ahab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han heldt fram med å gjera Herren, Israels Gud, rasande. Han bar seg verre åt enn nokon av dei som hadde vore kongar i Israel før han.

34. I Ahabs tid bygde Hiel frå Betel opp att Jeriko. Då han la grunnvollen, kosta det han Abiram, eldste son hans, og då han sette opp portane, kosta det han Segub, yngste son hans. Såleis vart det oppfylt, det ordet Herren hadde tala gjennom Josva, son til Nun.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 16