Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 16:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til Jehu, son til Hanani, kom Herrens ord om Basja, og det lydde slik:

2. «Eg har lyft deg opp av støvet og sett deg til fyrste over Israel, folket mitt. Men du har følgt den same vegen som Jeroboam og fått Israel, folket mitt, til å synda. Og dei har gjort meg rasande med syndene sine.

3. Difor vil eg no feia etter Basja og hans hus. Eg vil gjera med huset hans som eg gjorde med huset til Jeroboam, Nebats son.

4. Den av Basjas ætt som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr ute på marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»

5. Det som elles er å fortelja om Basja og det han utretta, om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

6. Så gjekk Basja til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge etter han.

7. Gjennom profeten Jehu, son til Hanani, var Herrens ord òg kome til Basja og huset hans. Han hadde ikkje berre gjort alt som var vondt i Herrens auge og gjort han rasande, slik Jeroboams hus hadde gjort. Han hadde òg gjort ende på Jeroboams hus.

8. I det tjuesjette året Asa var konge i Juda, vart Ela, son til Basja, konge i Israel. Han styrte i Tirsa i to år.

9. Tenaren hans, Simri, som var kommandant for halvparten av vognstyrken, fekk i stand ei samansverjing mot han. Ein dag sat kongen og drakk seg full i huset til Arsa, som var borgherre i Tirsa.

10. Då kom Simri dit og slo han i hel. Det hende i det tjuesjuande styringsåret til Juda-kongen Asa. Simri vart konge etter Ela.

11. Så snart han hadde vorte konge og sett seg på trona, slo han i hel heile Basjas ætt. Han lét ikkje ein einaste mann vera att, verken av dei næraste frendane eller av venene hans.

12. Simri rydda ut heile Basjas ætt, slik som Herren hadde sagt til Basja gjennom profeten Jehu.

13. For Basja og Ela, son hans, hadde synda og fått israelittane med på all si synd, og med sine gagnlause gudar hadde dei gjort Herren, Israels Gud, rasande.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 16