Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 15:29-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams hus. Han lét ikkje ei levande sjel vera att av kongsætta, men rydda henne heilt ut. Då vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Ahia frå Sjilo, tenaren sin.

30. Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort, og som han hadde fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han gjort Herren, Israels Gud, rasande.

31. Det som elles er å seia om Nadab og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

32. Heile tida var det krig mellom Asa og Basja, kongen i Israel.

33. I det tredje året Asa var konge i Juda, vart Basja, son til Ahia, konge over heile Israel. Han regjerte i Tirsa i tjuefire år.

34. Basja gjorde det som var vondt i Herrens auge. Han vandra på Jeroboams veg og i synda hans, den synda som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 15