Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 15:14-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Asa heldt seg likevel til Herren av heile sitt hjarte så lenge han levde.

15. Dei heilage offergåvene som far hans og han sjølv hadde vigd til Herren, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og anna tempelutstyr.

16. Heile tida var det krig mellom Asa og Basja, kongen i Israel.

17. Israels-kongen Basja drog opp mot Juda og bygde festningsverk i Rama så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.

18. Då tok Asa fram alt sølvet og gullet som var att i skattkammera, både i Herrens hus og i kongeborga. Han gav det til tenarane sine og sende dei til Ben-Hadad, kongen i Aram, som var son til Tabrimmon og soneson til Hesjon og budde i Damaskus. Dei skulle seia til han:

19. «Det er ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg ei gåve av sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, kongen i Israel, så han må fara bort frå meg.»

20. Ben-Hadad høyrde på kong Asa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel og tok Ijjon, Dan, Abel-Bet-Maaka og alle Kinneret-bygdene i tillegg til heile Naftali-landet.

21. Då Basja fekk melding om dette, slutta han å byggja festningsverk i Rama. Han slo seg til i Tirsa.

22. No kalla kong Asa inn alt mannskap i Juda – ingen vart friteken – og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde brukt då han bygde i Rama. Av dette reiste kong Asa festningsverk i Geba, i Benjamin og i Mispa.

23. Det som elles er å seia om Asa, om alle storverka hans og alt det andre han utretta, og om byane han bygde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane. På sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene.

24. Så gjekk Asa til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i byen til David, far sin. Josjafat, son hans, vart konge etter han.

25. I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år.

26. Nadab gjorde det som var vondt i Herrens auge. Han vandra på vegen til far sin og i synda hans, synda som han hadde fått israelittane med på.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 15