Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 15:10-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Maaka og var dotter til Absalom.

11. Asa gjorde det som rett var i Herrens auge, liksom David, far hans, hadde gjort.

12. Han jaga dei tempelprostituerte mennene ut av landet, og han fekk vekk alle avgudane som fedrane hans hadde laga.

13. Han tok jamvel frå Maaka, farmor si, dei rettane som følgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit fråstøytande bilete for Asjera. Asa hogg biletet sund og brende det opp i Kedron-dalen.

14. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Asa heldt seg likevel til Herren av heile sitt hjarte så lenge han levde.

15. Dei heilage offergåvene som far hans og han sjølv hadde vigd til Herren, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og anna tempelutstyr.

16. Heile tida var det krig mellom Asa og Basja, kongen i Israel.

17. Israels-kongen Basja drog opp mot Juda og bygde festningsverk i Rama så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 15