Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 14:21-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Rehabeam, son til Salomo, hadde vorte konge i Juda. Han var førtiein år gammal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut av alle Israels stammar og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon.

22. Folket i Juda gjorde det som var vondt i Herrens auge. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort.

23. Dei bygde òg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart frodig tre.

24. Det fanst til og med tempelprostituerte menn i landet. Dei tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.

25. I det femte styringsåret til Rehabeam drog Sjisjak, kongen i Egypt, opp mot Jerusalem.

26. Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongeborga. Han tok òg alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga.

27. I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette sjefane for livvakta som vakta slottsporten, til å ta vare på dei.

28. Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg tilbake til vaktrommet.

29. Det som elles er å seia om Rehabeam og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 14