Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 14:16-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Han skal gje opp Israel fordi Jeroboam synda som han gjorde, og fekk Israel med på si synd.»

17. Kona til Jeroboam tok no i veg og kom heim att til Tirsa. Med det same ho sette foten på dørstokken i huset, døydde guten.

18. Heile Israel følgde han til grava og heldt sørgjehøgtid over han. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom profeten Ahia, tenaren sin.

19. Det som elles er å fortelja om Jeroboam, om krigane han førte og korleis han styrte, det står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

20. Jeroboam styrte i tjueto år. Så gjekk han til kvile hos fedrane sine, og son hans, Nadab, vart konge etter han.

21. Rehabeam, son til Salomo, hadde vorte konge i Juda. Han var førtiein år gammal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut av alle Israels stammar og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon.

22. Folket i Juda gjorde det som var vondt i Herrens auge. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort.

23. Dei bygde òg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart frodig tre.

24. Det fanst til og med tempelprostituerte menn i landet. Dei tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.

25. I det femte styringsåret til Rehabeam drog Sjisjak, kongen i Egypt, opp mot Jerusalem.

26. Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongeborga. Han tok òg alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga.

27. I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette sjefane for livvakta som vakta slottsporten, til å ta vare på dei.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 14