Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 14:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På den tid vart Abia, son til Jeroboam, sjuk.

2. Då sa Jeroboam til kona si: «Skund deg og ta på andre klede, så ingen kan kjenna deg att som kona mi. Gå så til Sjilo, der profeten Ahia bur, han som spådde at eg skulle bli konge over dette folket.

3. Ta med deg ti brød, nokre kaker og ei krukke med honning og gå til han. Han vil seia deg korleis det skal gå med guten.»

4. Kona gjorde som han bad. Ho gjorde seg klar og drog til Sjilo og kom til huset der Ahia budde. Ahia kunne ikkje sjå, for han var gammal og stiv i blikket.

5. Men Herren hadde sagt til han: «No kjem kona til Jeroboam og vil spørja deg til råds om son sin; for han er sjuk. Så og så skal du svara henne. Men når ho kjem, læst ho vera ei anna.»

6. Då Ahia høyrde lyden av stega hennar i døra, sa han: «Kom inn, du kona til Jeroboam! Kvifor læst du vera ein framand? Eg er send til deg med ein tung bodskap.

7. Gå og sei til Jeroboam: Så seier Herren, Israels Gud: Eg lyfte deg ut av folket og sette deg til fyrste over folket mitt, Israel.

8. Eg reiv riket frå Davids hus og gav det til deg. Men du har ikkje vore som David, tenaren min. Han heldt boda mine og følgde meg av heile sitt hjarte, så han berre gjorde det som rett var i mine auge.

9. Men du har bore deg verre åt enn alle dei som var før deg. Du har gått bort og laga deg andre gudar og støypte gudebilete. Slik har du gjort meg rasande. Du har vendt meg ryggen.

10. Difor vil eg føra ulukke over Jeroboams hus og rydda ut alle mannfolk i ætta hans i Israel, både fange og fri. Så vil eg feia ut Jeroboams hus som når ein sopar bort skit, til det ikkje finst eit grann att.

11. Den av dei som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr ute på marka, skal fuglane under himmelen eta opp. Herren har tala.

12. Men du skal stå opp og gå heim att. Med det same du set foten din i byen, døyr barnet.

13. Heile Israel skal halda sørgjehøgtid over guten og følgja han til grava, for han er den einaste i Jeroboams ætt som skal koma i ei grav. Berre hos han i heile Jeroboams hus har Herren, Israels Gud, funne noko godt.

14. Men Herren vil reisa opp ein konge over Israel som skal rydda ut Jeroboams hus, og no er dagen komen.

15. Herren skal slå israelittane så dei blir lik sivet som svaiar i vatnet. Han skal rykkja dei opp av dette gode landet som han gav fedrane deira, og spreia dei bortanfor Eufrat fordi dei laga seg Asjera-pålar og gjorde Herren rasande.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 14