Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 11:3-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre følgjekoner, og dei førte hjartet hans på avvegar.

4. Det var då Salomo vart gammal at konene hans fekk vendt hjartet hans til andre gudar. Hjartet hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, slik hjartet til David, far hans, hadde vore.

5. Salomo følgde Astarte, gudinna til sidonarane, og Milkom, den motbydelege guden til ammonittane.

6. Og han gjorde det som var vondt i Herrens auge, og følgde ikkje Herren fullt og heilt slik far hans, David, hadde gjort.

7. På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kemosj, den motbydelege guden til moabittane, på den høgda som ligg midt imot Jerusalem, og ein for Molok, den motbydelege guden til ammonittane.

8. Dette gjorde han for alle dei framande konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.

9. Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjartet sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger

10. og gjeve han det bodet at han ikkje skulle følgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod.

11. Og Herren sa til Salomo: «Sidan du har bore deg slik åt og ikkje halde den pakta eg gjorde med deg, og dei forskriftene eg gav deg, skal eg riva riket frå deg og gje det til ein i di teneste.

12. Men for far din, David, si skuld vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå.

13. Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ein stamme vil eg gje han for min tenar Davids skuld og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»

14. Så reiste Herren opp ein motstandar for Salomo. Det var edomitten Hadad, som høyrde kongsætta i Edom til.

15. For den gongen David slo Edom, drog hærføraren Joab opp for å gravleggja dei falne. Han slo òg i hel alle menn i Edom.

16. I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren til han hadde utrydda alle menn i Edom.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 11