Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 11:23-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Gud reiste opp endå ein motstandar mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå Hadadeser, herren sin, kongen i Soba.

24. Reson samla folk omkring seg og vart hovding for ein røvarflokk. Den gongen David drap mange av dei, drog dei til Damaskus. Dei slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen.

25. Reson var Israels motstandar så lenge Salomo levde. Både han og Hadad valda Israel skade. Han var konge over Aram og hata Israel.

26. Jeroboam var son til Nebat frå Sereda i Efraim. Mor hans heitte Serua og var enkje. Han var i teneste hos Salomo, men reiste seg mot kongen.

27. Og slik gjekk det til då Jeroboam lyfte handa si mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta den opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans.

28. No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at ungguten gjorde godt arbeid, sette han Jeroboam til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs hus laut gjera.

29. Ein gong på denne tida gjekk Jeroboam ut av Jerusalem. Då kom profeten Ahia frå Sjilo imot han på vegen. Ahia var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka.

30. Ahia tok tak i den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke

31. og sa til Jeroboam: Ta du ti av stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut av hendene på Salomo og gje dei ti stammane til deg.

32. Berre den eine stammen skal vera hans for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut blant alle Israel-stammane.

33. Det gjer eg fordi dei har vendt seg frå meg og tilbede Astarte, gudinna til sidonarane, Kemosj, guden til moabittane, og Milkom, guden til ammonittane. Dei har ikkje gått på mine vegar og har ikkje gjort det som rett er i mine auge. Dei har ikkje halde forskriftene og lovene mine som far hans, David, gjorde.

34. Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; eg lèt han få vera fyrste så lenge han lever, for min tenar Davids skuld, han som eg valde ut, og som heldt seg til boda og forskriftene mine.

35. Eg vil ta riket ut av hendene på son hans og gje dei ti stammane til deg.

36. Men éin stamme vil eg gje son hans, for at David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe for mitt andlet i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt.

37. Deg lèt eg rå over alt det du ønskjer; du skal vera konge over Israel.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 11