Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 11:17-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans. Hadad var nokså ung den gongen.

18. Dei braut opp frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord.

19. Farao såg med stor velvilje på Hadad og gav han svigerinna si, syster til dronning Tahpenes, til kone.

20. Syster til Tahpenes fødde han sonen Genubat. Tahpenes fostra han opp i huset til farao, og sidan vart han verande i huset til farao mellom sønene hans.

21. Medan Hadad var i Egypt, fekk han vita at David hadde gått til kvile hos fedrane sine, og at Joab, hærføraren, var død. Då sa han til farao: «Lat meg få fara heim til mitt eige land.»

22. Farao spurde: «Kva er det du saknar her hos meg sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting, men lat meg få fara likevel.»

23. Gud reiste opp endå ein motstandar mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå Hadadeser, herren sin, kongen i Soba.

24. Reson samla folk omkring seg og vart hovding for ein røvarflokk. Den gongen David drap mange av dei, drog dei til Damaskus. Dei slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 11