Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 11:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kong Salomo elska mange framande kvinner forutan dotter til farao. Det var kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet.

2. Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei til å venda hjartet dykkar til gudane sine.» Det var desse kvinnene Salomo heldt seg til og elska.

3. Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre følgjekoner, og dei førte hjartet hans på avvegar.

4. Det var då Salomo vart gammal at konene hans fekk vendt hjartet hans til andre gudar. Hjartet hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, slik hjartet til David, far hans, hadde vore.

5. Salomo følgde Astarte, gudinna til sidonarane, og Milkom, den motbydelege guden til ammonittane.

6. Og han gjorde det som var vondt i Herrens auge, og følgde ikkje Herren fullt og heilt slik far hans, David, hadde gjort.

7. På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kemosj, den motbydelege guden til moabittane, på den høgda som ligg midt imot Jerusalem, og ein for Molok, den motbydelege guden til ammonittane.

8. Dette gjorde han for alle dei framande konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.

9. Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjartet sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger

10. og gjeve han det bodet at han ikkje skulle følgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod.

11. Og Herren sa til Salomo: «Sidan du har bore deg slik åt og ikkje halde den pakta eg gjorde med deg, og dei forskriftene eg gav deg, skal eg riva riket frå deg og gje det til ein i di teneste.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 11