Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 10:8-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din!

9. Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.»

10. Så gav ho kongen eitt hundre og tjue talentar gull, balsamoljar i stor mengd og edelsteinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med balsamoljar til landet som det dronninga av Saba gav kong Salomo.

11. Flåten til Hiram som henta gull frå Ofir, hadde òg med seg store mengder sandeltre og edelsteinar derifrå.

12. Av sandeltreet fekk kongen laga utsmykkingar til Herrens hus og kongeborga og lyrer og harper til songarane. Aldri har det kome så mykje sandeltre til landet, og så mykje har ikkje vore å sjå til denne dag.

13. Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til det som sømde seg for så mektig ein konge som Salomo å gje henne. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.

14. Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.

15. Attåt det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.

16. Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sjekel gull.

17. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.

18. Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.

19. Seks steg førte opp til trona, og stolryggen var runda øvst. På begge sider av setet var det armlene, og ved kvart av dei stod det ei løve.

20. På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.

21. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.

22. For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.

23. Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom.

24. Og frå heile verda søkte dei Salomo for å høyra visdomen som Gud hadde lagt ned i hjartet hans.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 10