Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 10:20-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.

21. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.

22. For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.

23. Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom.

24. Og frå heile verda søkte dei Salomo for å høyra visdomen som Gud hadde lagt ned i hjartet hans.

25. Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kapper, våpen, balsamoljar, hestar og muldyr.

26. Salomo samla vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Han plasserte dei i vognbyane og hos seg sjølv i Jerusalem.

27. Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet.

28. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue mot betaling.

29. Kvar vogn som vart ført inn frå Egypt, kosta seks hundre sjekel sølv, og kvar hest eitt hundre og femti sjekel. Så selde dei hestar og vogner vidare til hetittkongane og aramearkongane.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 10