Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 10:13-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til det som sømde seg for så mektig ein konge som Salomo å gje henne. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.

14. Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.

15. Attåt det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.

16. Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sjekel gull.

17. Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.

18. Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.

19. Seks steg førte opp til trona, og stolryggen var runda øvst. På begge sider av setet var det armlene, og ved kvart av dei stod det ei løve.

20. På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.

21. Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.

22. For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 10