Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 1:49-53 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

49. Då skalv alle gjestene hos Adonja av skrekk. Dei braut opp og gjekk kvar til sitt.

50. Adonja vart så redd Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip fatt i altarhorna.

51. Salomo fekk melding om at Adonja var vorten så redd kongen at han hadde gripe tak i altarhorna og sagt: «No må kong Salomo sverja på at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.»

52. Salomo sa: «Oppfører han seg som ein heiderleg mann, skal det ikkje bli krumma eit hår på hovudet hans. Men gjer han seg skuldig i noko vondt, skal han døy.»

53. Så sende kong Salomo folk av garde for å henta han ned frå altaret. Då han kom til kong Salomo, kasta han seg ned for han, og Salomo sa til han: «Du kan gå heim.»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 1