Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 1:37-49 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Måtte Herren vera med Salomo som han har vore med deg, og gjera trona hans endå større enn trona til kong David, herren min.»

38. Så gjekk dei ned, presten Sadok, profeten Natan, Benaja, son til Jojada, og kretarane og pletarane. Dei lét Salomo ri på kong Davids muldyr og førte han ned til Gihon-kjelda.

39. Presten Sadok hadde teke med seg hornet med olje frå teltet til Herren, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!»

40. Så følgde heile folkemengda han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt, og det var som om jorda skulle rivna av ropa.

41. Dette høyrde Adonja og alle gjestene som var hos han. Dei var nett ferdige med å eta då Joab høyrde lyden av horn og sa: «Kvifor er det slik ståk og larm i byen?»

42. Medan han enno tala, kom Jonatan, son til presten Abjatar. Adonja sa til han: «Kom hit, for du er ein påliteleg mann og kjem sikkert med gode meldingar.»

43. «Tvert om!» svara Jonatan. «Vår herre, kong David, har gjort Salomo til konge.

44. Kongen sende presten Sadok, profeten Natan, Benaja, son til Jojada, og kretarane og pletarane med han, og dei lét Salomo ri på muldyret til kongen.

45. Presten Sadok og profeten Natan salva han til konge ved Gihon-kjelda. Så drog dei opp att med jubelrop, og no er det oppstyr i byen. Det er den larmen de høyrer.

46. Salomo har alt sett seg på kongetrona,

47. og tenarane til kongen er òg komne for å ønskja herren vår, kong David, til lukke. Dei seier: Måtte din Gud gjera Salomo meir namngjeten enn deg og gjera trona hans endå større enn di! Då bøygde kongen seg i bøn på leiet sitt

48. og sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som i dag har laga det slik at det sit ein på trona etter meg, og late meg sjå det med mine eigne auge.»

49. Då skalv alle gjestene hos Adonja av skrekk. Dei braut opp og gjekk kvar til sitt.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 1