Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 1:3-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Så leita dei i heile Israels-landet etter ei vakker, ung jente. Dei fann Abisjag frå Sjunem og førte henne til kongen.

4. Det var ei svært vakker jente. Ho stelte kongen og tente han. Men kongen hadde ikkje omgang med henne.

5. Adonja, son til Haggit, gjorde seg høge tankar og sa: «Eg vil vera konge!» Og han skaffa seg vogn og hestar og femti mann som skulle springa framfor han.

6. Far hans hadde aldri snakka han til rette og spurt kvifor han bar seg slik åt. Adonja var òg uvanleg vakker. Han var fødd nest etter Absalom.

7. Adonja samrådde seg med Joab, son til Seruja, og med presten Abjatar, som følgde han og støtta han.

8. Men det var andre som ikkje heldt med Adonja: presten Sadok og Benaja, son til Jojada, profeten Natan, Sjimi, Re'i og dei beste krigarane til David.

9. Ein dag slakta Adonja småfe, storfe og gjøkalvar ved Sohelet-steinen, som ligg like ved Rogel-kjelda. Han bad til seg alle brørne sine, sønene til kongen, og alle frå Juda som var i teneste hos kongen.

10. Men profeten Natan, Benaja, krigarane og Salomo, bror sin, baud han ikkje inn.

11. Då sa Natan til Batseba, mor til Salomo: «Du har vel høyrt at Adonja, son til Haggit, har vorte konge, utan at David, herren vår, veit om det?

12. Kom, lat meg no få gje deg eit råd, så du kan berga livet til både deg og Salomo, son din.

13. Gå og stig fram for kong David og sei til han: Herre konge, har ikkje du svore for tenestekvinna di at Salomo, son min, skal bli konge etter deg og sitja på di trone? Kvifor har då Adonja vorte konge?

14. Og så, medan du enno står der og snakkar med kongen, skal eg koma inn og stadfesta orda dine.»

15. Då gjekk Batseba inn i kammeret til kongen. Kongen var no svært gammal, og Abisjag frå Sjunem tente han.

16. Batseba knelte og bøygde seg for kongen, og kongen spurde: «Kva er det du vil?»

17. Ho svara: «Herre, du har svore ved Herren din Gud og lova tenestekvinna di at Salomo, son min, skal bli konge etter deg og sitja på di trone.

18. Men no har Adonja vorte konge, utan at du, herre konge, veit om det.

19. Han har slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengdevis og bede til seg alle kongssønene, presten Abjatar og hærføraren Joab. Men Salomo, tenaren din, har han ikkje bede.

20. Men mot deg, herre konge, har heile Israel no vendt sine auge. Dei ventar at du skal kunngjera kven som skal sitja på trona etter kongen.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 1