Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 1:16-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Batseba knelte og bøygde seg for kongen, og kongen spurde: «Kva er det du vil?»

17. Ho svara: «Herre, du har svore ved Herren din Gud og lova tenestekvinna di at Salomo, son min, skal bli konge etter deg og sitja på di trone.

18. Men no har Adonja vorte konge, utan at du, herre konge, veit om det.

19. Han har slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengdevis og bede til seg alle kongssønene, presten Abjatar og hærføraren Joab. Men Salomo, tenaren din, har han ikkje bede.

20. Men mot deg, herre konge, har heile Israel no vendt sine auge. Dei ventar at du skal kunngjera kven som skal sitja på trona etter kongen.

21. Elles kjem eg og Salomo, son min, til å stå som skuldige når du, herre konge, kviler hos fedrane dine.»

22. Medan ho enno snakka med kongen, kom profeten Natan.

23. Det vart meldt kongen at profeten Natan var der. Og han kom inn og steig fram for kongen og kasta seg med andletet mot jorda framfor han.

24. «Herre konge», sa Natan, «har du sagt at Adonja skal bli konge etter deg og sitja på di trone?

25. For i dag har han gått ned til Rogel-kjelda og slakta oksar, gjøkalvar og sauer i hopetal. Han har bede til seg alle kongssønene, hærførarane og presten Abjatar. No et og drikk dei med han og ropar: Leve kong Adonja!

26. Men meg, tenaren din, har han ikkje bede, og heller ikkje presten Sadok eller Benaja, son til Jojada, eller Salomo, tenaren din.

27. Har dette hendt på ditt bod, herre konge, utan at du har late tenaren din vita kven som skal sitja på trona etter kongen?»

28. Då tok kong David til orde og sa: «Kall Batseba inn til meg!» Ho steig fram for kongen og vart ståande der.

29. Kongen svor og sa: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:

30. Det eg før har svore ved Herren, Israels Gud, og lova deg, at Salomo, son din, skal bli konge etter meg og sitja på trona i min stad, det set eg i verk i dag.»

31. Batseba knelte for kongen, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Lenge leve min herre, kong David!»

32. Kong David sa: «Kall hit til meg Sadok, profeten Natan og Benaja, son til Jojada!» Dei steig fram for kongen,

33. og kongen sa til dei: «Ta med dykk mennene til kongen dykkar! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda.

34. Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Dei skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo!

Les hele kapitlet 1. Kongebok 1