Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 1:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kong David var no gammal og langt oppi åra. Dei breidde teppe over han, men han kunne ikkje bli varm.

2. Tenarane hans sa til han: «Lat einkvan finna ei ung jente til deg, herre konge, ei jomfru som kan tena deg og stella for deg. Når ho ligg i din famn, blir du nok varm, herre konge.»

3. Så leita dei i heile Israels-landet etter ei vakker, ung jente. Dei fann Abisjag frå Sjunem og førte henne til kongen.

4. Det var ei svært vakker jente. Ho stelte kongen og tente han. Men kongen hadde ikkje omgang med henne.

5. Adonja, son til Haggit, gjorde seg høge tankar og sa: «Eg vil vera konge!» Og han skaffa seg vogn og hestar og femti mann som skulle springa framfor han.

6. Far hans hadde aldri snakka han til rette og spurt kvifor han bar seg slik åt. Adonja var òg uvanleg vakker. Han var fødd nest etter Absalom.

7. Adonja samrådde seg med Joab, son til Seruja, og med presten Abjatar, som følgde han og støtta han.

8. Men det var andre som ikkje heldt med Adonja: presten Sadok og Benaja, son til Jojada, profeten Natan, Sjimi, Re'i og dei beste krigarane til David.

9. Ein dag slakta Adonja småfe, storfe og gjøkalvar ved Sohelet-steinen, som ligg like ved Rogel-kjelda. Han bad til seg alle brørne sine, sønene til kongen, og alle frå Juda som var i teneste hos kongen.

10. Men profeten Natan, Benaja, krigarane og Salomo, bror sin, baud han ikkje inn.

11. Då sa Natan til Batseba, mor til Salomo: «Du har vel høyrt at Adonja, son til Haggit, har vorte konge, utan at David, herren vår, veit om det?

12. Kom, lat meg no få gje deg eit råd, så du kan berga livet til både deg og Salomo, son din.

13. Gå og stig fram for kong David og sei til han: Herre konge, har ikkje du svore for tenestekvinna di at Salomo, son min, skal bli konge etter deg og sitja på di trone? Kvifor har då Adonja vorte konge?

Les hele kapitlet 1. Kongebok 1