Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Titus 3:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men tåpelege stridsspørsmål, ættetavler og strid og krangel om spørsmål i lova skal du halda deg ifrå; slikt er gagnlaust og meiningslaust.

10. Ein som fer med vrang lære, skal du tala til rettes, ein gong og to gonger, og så visa han frå deg.

11. Du kan vera trygg på at ein slik mann er på avvegar. Han syndar og har dømt seg sjølv.

12. Når eg sender Artemas eller Tykikus til deg, må du skunda deg og koma til meg i Nikopolis; der har eg tenkt å vera vinteren over.

13. Zenas, den lovkunnige, og Apollos skal du med omhug hjelpa i veg, så dei ikkje vantar noko.

14. Våre folk òg lyt læra å gjera gode gjerningar når det måtte trengast, så livet deira ikkje skal vera utan frukt.

15. Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa alle som elskar oss fordi vi har den same tru. Nåden vere med dykk alle!

Les hele kapitlet Titus 3