Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Titus 1:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera sjølvrådig, bråsint, drikkekjær eller hardhendt og ikkje lysten etter låk vinning.

8. Men han skal vera gjestmild og glad i det gode, visleg og rettvis, ha age for Gud og vera herre over seg sjølv.

9. Han må halda seg til det truverdige ord i samsvar med læra. Då er han skikka både til å rettleia etter den sunne læra og visa at dei som talar imot, tek feil.

10. For det er mange som ikkje vil underordna seg, serleg mellom dei omskorne. Dei fer med tomt snakk og fører folk vilt.

11. Du må målbinda dei, for dei fører ulukke over heile huslydar når dei for eiga vinning skuld spreier ei lære som ikkje er rett.

12. Ein mann frå Kreta, ein av deira eigne profetar, har sagt: «Kretarar har alltid vore lygnarar, arge villdyr, grådige og late!»

13. Dette ordet er sant. Difor skal du refsa dei strengt, så dei kan få ei sunn tru.

14. Dei må ikkje fara med jødiske mytar og bod, gjevne av menneske som har vendt seg frå sanninga.

15. Alt er reint for dei reine, men for dei ureine og vantruande er ingen ting reint; hjå dei er både vitet og samvitet ureine.

16. Dei seier om seg sjølve at dei kjenner Gud, men med gjerningane sine fornektar dei han. Dei er avskyelege og ulydige og duger ikkje til å gjera noko godt.

Les hele kapitlet Titus 1