Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Titus 1:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Frå Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel, som er sett til å føra Guds utvalde til tru og læra dei å kjenna den sanning som gjev gudsfrykt

2. og von om evig liv. Det har Gud, han som ikkje kan lyga, gjeve lovnad om frå æva av,

3. og til fastsett tid har han openberra sitt ord i den bodskapen som er meg tiltrudd etter påbod frå Gud, vår frelsar.

4. Eg helsar Titus, min eigen son i vår sams tru. Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar!

5. Eg lét deg vera att på Kreta så du skulle få skikk på det som endå var ugjort. Du skal setja inn eldste i kvar by, som eg baud deg.

6. Ein eldste må det ikkje vera noko å seia på: Han skal vera mann til éi kvinne, borna hans må vera truande, ikkje trassige og ikkje kunna klagast for å leva eit vilt liv.

7. For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera sjølvrådig, bråsint, drikkekjær eller hardhendt og ikkje lysten etter låk vinning.

8. Men han skal vera gjestmild og glad i det gode, visleg og rettvis, ha age for Gud og vera herre over seg sjølv.

9. Han må halda seg til det truverdige ord i samsvar med læra. Då er han skikka både til å rettleia etter den sunne læra og visa at dei som talar imot, tek feil.

10. For det er mange som ikkje vil underordna seg, serleg mellom dei omskorne. Dei fer med tomt snakk og fører folk vilt.

11. Du må målbinda dei, for dei fører ulukke over heile huslydar når dei for eiga vinning skuld spreier ei lære som ikkje er rett.

Les hele kapitlet Titus 1