Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 8:4-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden.

5. Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til.

6. For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred.

7. Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller.

8. Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad.

9. Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til.

10. Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud.

11. Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

12. Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den.

13. For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva.

14. Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born.

15. Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!»

16. Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.

17. Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

18. Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår.

19. Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom.

20. For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von,

21. for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen.

Les hele kapitlet Romarane 8