Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 8:17-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

18. Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår.

19. Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom.

20. For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von,

21. for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen.

22. For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag.

23. Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret.

24. For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser?

25. Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod.

26. På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for.

27. Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.

28. Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.

29. Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken.

30. Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.

31. Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss?

Les hele kapitlet Romarane 8