Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 6:11-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.

12. Lat då ikkje synda rå i dykkar døyelege lekam, så de gjev etter for lystene i lekamen.

13. Og byd ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, så dei vert våpen for uretten. Men byd dykk sjølve fram til teneste for Gud, så de brukar lemene for han, til våpen for det som er rett. De var då døde og har fått liv.

14. Synda skal ikkje vera herre over dykk. De er då ikkje under lova, men under nåden.

15. Kva så? Skal vi synda, sidan vi ikkje er under lova, men under nåden? Langt ifrå!

16. De veit at når de steller dykk til rådvelde for einkvan og lyder han, då vert de trælar under den som rår over dykk; anten vert de trælar under synda, og det fører til død, eller under lydnaden, og det fører til rettferd.

17. Men Gud vere takk! De som før træla under synda, har no av hjarta vorte lydige mot den læra som vart dykk overgjeven.

18. De har vorte frigjorde frå synda og er trælar for rettferda –

19. eg brukar eit bilete frå dagleglivet fordi de er skrøpelege menneske. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for umoral og urett, og det førte berre til endå meir urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for det som er rett, så de kan verta helga.

20. Medan de træla under synda, var de ikkje bundne av det som er rett.

21. Kva slag frukt hausta de av det? Slikt som de no skjemmest ved, for det fører til døden.

22. Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud; og frukta av det er eit liv i helging og til sist evig liv.

23. For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.

Les hele kapitlet Romarane 6