Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 4:10-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren.

11. Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. På den måten skulle han verta far til alle uomskorne som trur, så rettferda kan tilreknast dei.

12. Men han skulle òg verta far til dei omskorne, når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg fylgjer etter Abraham, far vår, og eig den tru han hadde før han vart omskoren.

13. For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk den lovnaden at han skulle verta arving til verda, men ved den rettferd som kjem av tru.

14. Er det dei som held seg til lova, som er arvingar, då er trua gagnlaus, og lovnaden er gjord til inkjes.

15. For lova verkar vreide hjå Gud, men der det ikkje finst lov, finst det heller ikkje lovbrot.

16. Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile ætta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. Han er då far for oss alle,

17. som det står skrive: Eg har gjort deg til far åt mange folk. Han er vår far i Guds augo; for han trudde på Gud, han som gjer dei døde levande og byd det som ikkje er, at det skal verta til.

18. Endå all von var ute, heldt Abraham fast på vona og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di verta.

19. Han var då mest hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft, og at Sara var for gamal til å verta mor.

20. Han var ikkje vantruen, så han tvila på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære.

21. For han var fullviss på at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera.

22. Difor vart han rekna for rettferdig.

23. Men det var ikkje berre for hans skuld at dette vart skrive om han.

24. Det gjeld oss òg. Vi skal få rettferda tilrekna når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde,

25. han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle verta rettferdige for Gud.

Les hele kapitlet Romarane 4