Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 3:21-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Men no er Guds rettferd openberra utan lova. Om den vitnar lova og profetane.

22. Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad,

23. for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom.

24. Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus.

25. Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vera eit sonoffer – for dei som trur. På den måten synte Gud si rettferd. Før hadde han i sitt langmod bore over med dei syndene som var gjorde.

26. Men i vår tid ville han syna si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier den rettferdig som trur på Jesus.

27. Kvar er så det vi kan rosa oss av? All ros er utestengd! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru.

28. For vi meiner at mennesket vert rettferdig for Gud ved tru, utan lovgjerningar.

29. Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg,

30. så sant Gud er éin. Og han vil rettferdiggjera dei omskorne på grunn av tru og dei uomskorne ved tru.

Les hele kapitlet Romarane 3