Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 3:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kva føremon har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa?

2. Mykje, på alle måtar! Fyrst og fremst det at Guds ord vart dei tiltrutt.

3. Men kva så om somme av dei har vore utrue? Kan deira utruskap gjera Guds truskap om inkje?

4. Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein lygnar. Det står då skrive:Så du skal få rett når du talar,og vinna når du fører sak.

5. Men om vår urett endå klårare syner Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er det ikkje då, menneskeleg tala, urettferdig av Gud å la vreiden koma over oss?

6. Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna døma verda?

7. Men om mi lygn endå klårare syner at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømast som ein syndar?

8. Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den domen dei fortener.

9. Kva skal vi seia til dette? Har vi jødar noko framom andre? Nei, på ingen måte! Vi har då nett klaga både jødar og grekarar og sagt at dei er under synd alle saman,

10. som det òg står skrive:Det finst ingen rettferdig,ikkje ein einaste.

11. Det finst ingen vitug,ikkje éin som søkjer Gud.

Les hele kapitlet Romarane 3