Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 2:17-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Og du som kallar deg jøde: Du lit på lova og rosar deg av Gud;

18. du kjenner hans vilje, og kan avgjera kva som er det rette, fordi du er opplært i lova.

19. Du er viss på at du kan vera ein vegvisar for blinde, eit ljos for dei som er i mørker,

20. ein oppsedar for uvituge og ein lærar for umyndige, ettersom du i lova har kunnskapen og sanninga nedlagd.

21. Du som vil vera lærar for andre, lærer du ikkje deg sjølv? Du som forkynner at ein ikkje skal stela, stel du?

22. Du som seier at ein ikkje skal bryta ekteskapet, bryt du ekteskapet? Du som held avgudane for ein styggedom, plyndrar du templa deira?

23. Du som rosar deg av lova, du vanærar Gud når du bryt lova.

24. For dykkar skuld vert Guds namn spotta mellom heidningane, som skrive står.

25. Omskjeringa er nok til gagn for deg, men berre om du held lova. Bryt du lova, er du som ein uomskoren.

26. Men om ein som er uomskoren, held lovboda, skal ikkje han då reknast for omskoren, endå han ikkje er det?

Les hele kapitlet Romarane 2