Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 2:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dei viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarto deira. Samvitet deira vitnar òg om det, når tankane deira anten klagar dei eller forsvarar dei.

16. Dette skal verta klårt den dagen Gud ved Jesus Kristus dømer det som løyner seg i menneska, så som eg har forkynt i mitt evangelium.

17. Og du som kallar deg jøde: Du lit på lova og rosar deg av Gud;

18. du kjenner hans vilje, og kan avgjera kva som er det rette, fordi du er opplært i lova.

19. Du er viss på at du kan vera ein vegvisar for blinde, eit ljos for dei som er i mørker,

20. ein oppsedar for uvituge og ein lærar for umyndige, ettersom du i lova har kunnskapen og sanninga nedlagd.

21. Du som vil vera lærar for andre, lærer du ikkje deg sjølv? Du som forkynner at ein ikkje skal stela, stel du?

22. Du som seier at ein ikkje skal bryta ekteskapet, bryt du ekteskapet? Du som held avgudane for ein styggedom, plyndrar du templa deira?

23. Du som rosar deg av lova, du vanærar Gud når du bryt lova.

Les hele kapitlet Romarane 2