Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 2:1-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Difor har du ikkje noko å orsaka deg med, du menneske som dømer, kven du så er. For når du dømer ein annan, fordømer du deg sjølv. Du som dømer, gjer sjølv det same.

2. Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som fer med slikt.

3. Men når du, menneske, dømer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom?

4. Eller vanvørder du hans grenselause godleik, tolmod og langmod? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending?

5. Med din harde hug og ditt ubotferdige hjarta hopar du opp vreide som skal koma over deg på vreidens dag, når Gud openberrar sin rettferdige dom.

6. Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort:

7. Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv.

8. Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som lèt seg leia av uretten og ikkje er lydige mot sanninga, har vreide og harme i vente.

9. Trengsle og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde fyrst og så grekar.

10. Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde fyrst og så grekar.

11. For Gud gjer ikkje skil på folk.

12. Alle som synda utan å ha lova, skal gå fortapt utan lova. Og alle som synda og hadde lova, skal dømast etter lova.

13. For ikkje dei som høyrer lova, er rettferdige for Gud; men dei som gjer det lova seier, skal han rekna for rettferdige.

14. For når heidningane som ikkje har lova, av naturen gjer det lova krev, då er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje har lova.

15. Dei viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarto deira. Samvitet deira vitnar òg om det, når tankane deira anten klagar dei eller forsvarar dei.

16. Dette skal verta klårt den dagen Gud ved Jesus Kristus dømer det som løyner seg i menneska, så som eg har forkynt i mitt evangelium.

17. Og du som kallar deg jøde: Du lit på lova og rosar deg av Gud;

18. du kjenner hans vilje, og kan avgjera kva som er det rette, fordi du er opplært i lova.

Les hele kapitlet Romarane 2