Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 15:19-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. ved mektige teikn og under og ved Andens kraft. Så har eg då fullført forkynninga av Kristi evangelium, frå Jerusalem og rundt ikring heilt til Illyria.

20. Eg har alltid sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje er kjent, så eg ikkje skal byggja på ein grunnvoll som andre har lagt,

21. men som skrive står:Dei som ikkje har fått ¬bodskapen om han, ¬skal sjå,og dei som ikkje har høyrt, ¬skal skjøna.

22. Det er dette som gong på gong har hindra meg i å koma til dykk.

23. Men no er det ikkje meir å gjera for meg i desse landa, og i fleire år har eg lengta etter å koma til dykk

24. og så halda fram til Spania. Eg vonar at eg skal få sjå dykk når eg fer framom, og at de hjelper meg med det eg treng til ferda dit, når eg fyrst har fått gledt meg ei stund i samværet med dykk.

25. Men no dreg eg til Jerusalem med hjelpa til dei heilage der.

26. Kyrkjelydane i Makedonia og Akaia har sett seg føre å samla inn ei gåve til dei fattige mellom dei heilage i Jerusalem.

27. Det vil dei gjerne gjera, og står då òg i skuld til dei. Dei skyldar å hjelpa dei med timelege gåver når dei sjølve, som heidningar, har fått del i deira åndelege gåver.

28. Når eg har fullført dette, og fruktene av innsamlinga godt og vel er i deira hender, vil eg fara til Spania, og då legg eg vegen om dykk.

29. Og eg veit at når eg kjem til dykk, skal eg koma med ein rikdom av Kristi velsigning.

30. Eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi skuld og for den kjærleik som Anden gjev: Strid saman med meg i bøn til Gud for meg.

31. Bed om at eg må verta berga frå dei vantruande i Judea, og at dei heilage i Jerusalem må ta vel imot den hjelpa eg har med.

32. Då kan eg, om Gud så vil, koma til dykk med glede, og få kvila ut saman med dykk.

33. Fredens Gud vere med dykk alle! Amen.

Les hele kapitlet Romarane 15