Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 15:15-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Likevel har eg her og der skrive heller djervt for å minna dykk om det som de før har høyrt. Eg gjer det i kraft av den nåde Gud har gjeve meg:

16. at eg skal vera Kristi Jesu prest mellom folkeslaga. Mi heilage teneste er å forkynna evangeliet, så folkeslaga kan verta eit offer til hugnad for Gud, helga ved Den Heilage Ande.

17. I Kristus Jesus kan eg prisa meg lukkeleg fordi eg har denne tenesta for Gud.

18. Men eg vågar ikkje å tala om anna enn det Kristus har gjort ved meg for å føra folkeslaga til lydnad. Dette har eg fått gjera med ord og i gjerning,

19. ved mektige teikn og under og ved Andens kraft. Så har eg då fullført forkynninga av Kristi evangelium, frå Jerusalem og rundt ikring heilt til Illyria.

20. Eg har alltid sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje er kjent, så eg ikkje skal byggja på ein grunnvoll som andre har lagt,

21. men som skrive står:Dei som ikkje har fått ¬bodskapen om han, ¬skal sjå,og dei som ikkje har høyrt, ¬skal skjøna.

22. Det er dette som gong på gong har hindra meg i å koma til dykk.

23. Men no er det ikkje meir å gjera for meg i desse landa, og i fleire år har eg lengta etter å koma til dykk

24. og så halda fram til Spania. Eg vonar at eg skal få sjå dykk når eg fer framom, og at de hjelper meg med det eg treng til ferda dit, når eg fyrst har fått gledt meg ei stund i samværet med dykk.

25. Men no dreg eg til Jerusalem med hjelpa til dei heilage der.

26. Kyrkjelydane i Makedonia og Akaia har sett seg føre å samla inn ei gåve til dei fattige mellom dei heilage i Jerusalem.

27. Det vil dei gjerne gjera, og står då òg i skuld til dei. Dei skyldar å hjelpa dei med timelege gåver når dei sjølve, som heidningar, har fått del i deira åndelege gåver.

28. Når eg har fullført dette, og fruktene av innsamlinga godt og vel er i deira hender, vil eg fara til Spania, og då legg eg vegen om dykk.

Les hele kapitlet Romarane 15