Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 15:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Vi som er sterke, må bera veikskapen åt dei veike og ikkje berre tenkja på oss sjølve.

2. Kvar og ein av oss skal tenkja på nesten og gjera det som er til gagn for han, og som tener til oppbygging.

3. For Kristus tenkte ikkje på seg sjølv; han oppfylte det som står skrive:Spottorda frå dei ¬som spotta deg,har falle på meg.

4. Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få von gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.

5. Måtte Gud sjølv, han som gjev tolmod og trøyst, gjera dykk samlyndte etter Kristi Jesu vilje.

6. Då kan de samhuga og med ei røyst prisa Gud, vår Herre Jesu Kristi Far.

7. Difor skal de ta imot kvarandre, liksom Kristus tok imot oss, til Guds ære.

8. Eg seier dykk at Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at det Gud har sagt, er sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk.

9. Men dei andre folka skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive:Difor vil eg lova deg ¬mellom folkaog prisa ditt namn.

10. Og ein annan stad heiter det:Gled dykk, de folkeslag, ¬saman med hans folk!

11. Og endå ein annan stad:Lovsyng Herren, alle folk,pris han, alle ætter!

12. Og Jesaja seier:Koma skal Isais rotrenning,han som reiser seg ¬og rår over folka,til han skal folkeslaga ¬setja si von.

13. Men Gud, som gjev von, han fylle dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den Heilage Andens kraft.

14. Eg har den tru om dykk, mine brør, at de er fylte av godleik, og at de har kunnskap nok, så de jamvel kan rettleia kvarandre.

Les hele kapitlet Romarane 15