Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 11:21-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.

22. Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen.

23. Men dei andre òg skal verta innpota, i fall dei ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å pota dei inn att.

24. Du vart avhoggen av eit vilt oliventre og mot naturen innpota på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje dei naturlege greinene potast inn i sitt eige oliventre, dei som av naturen høyrer treet til?

25. Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal.

26. På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:Frå Sion ¬skal bergingsmannen koma,han skal rydja gudløysa bort ¬frå Jakob,

27. og dette er den pakt eg vil gjera ¬med deinår eg tek bort syndene deira.

28. På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld.

29. For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing.

30. De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige.

31. På same vis har dei no vore ulydige, men den miskunn de har fått, skal føra til at dei no får miskunn.

Les hele kapitlet Romarane 11