Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Romarane 11:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Lat augo deira dimmast,så dei ikkje kan sjå,og lat ryggen deira vera bøygd ¬for alltid.

11. Så spør eg: Snåva dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane verta misunnelege på dei.

12. Når deira fall har ført til rikdom for verda, og tapet av dei har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal?

13. No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant som eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt;

14. og eg gjer det med den von at eg kan gjera landsmennene mine misunnelege og frelsa nokre av dei.

15. Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva må det ikkje så føra til at dei vert godtekne? Jau, liv av døde!

16. Er det fyrste brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg.

17. Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er pota inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei.

18. Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg!

19. No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.»

20. Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!

21. Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.

22. Sjå då kor god Gud er og kor streng! – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til godleiken hans. Elles vert du òg avhoggen.

Les hele kapitlet Romarane 11