Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 7:8-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.

9. Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød,

10. eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk?

11. Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

12. Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei. For så er lova og profetane.

13. Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den.

14. Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.

15. Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar.

16. På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar?

17. Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt.

18. Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt.

19. Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.

Les hele kapitlet Matteus 7