Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 7:21-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil.

22. Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?

23. Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!

24. Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell.

25. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

26. Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand.

27. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.

28. Då Jesus hadde halde denne talen, var folket fulle av undring over læra hans.

29. For han lærte dei med mynde, og ikkje som deira skriftlærde.

Les hele kapitlet Matteus 7