Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 7:12-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei. For så er lova og profetane.

13. Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den.

14. Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.

15. Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar.

16. På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar?

17. Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt.

18. Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt.

19. Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.

20. Difor skal de kjenna dei på fruktene.

21. Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil.

22. Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?

23. Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!

24. Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell.

25. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

26. Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand.

27. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.

Les hele kapitlet Matteus 7