Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 7:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde!

2. For de skal dømast etter den domen de feller over andre, og det skal mælast opp til dykk med det målet de sjølve mæler med.

3. Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?

4. Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg ta flisa ut or auga ditt, når det er ein bjelke i ditt eige?

5. Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.

6. Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.

7. Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.

8. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.

9. Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød,

Les hele kapitlet Matteus 7