Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 6:6-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.

7. Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord.

8. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det.

9. Difor skal de be såleis:Fader vår, ¬du som er i himmelen!Lat namnet ditt helgast.

10. Lat riket ditt koma.Lat viljen din råda på jorda ¬så som i himmelen.

11. Gjev oss i dag ¬vårt daglege brød.

12. Forlat oss vår skuld,som vi òg forlèt ¬våre skuldmenn.

13. Før oss ikkje ut i freisting,men frels oss frå det vonde.For riket er ditt, ¬og makta og æra i all æve.¬Amen.

14. For om de tilgjev andre menneske den urett dei gjer mot dykk, så skal Far dykkar i himmelen tilgje dykk òg.

15. Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje den urett de gjer.

16. Når de fastar, skal de ikkje gjera dykk sturne som hyklarane; dei skaper seg til, så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn.

17. Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,

18. så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, han skal løna deg.

19. Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel.

20. Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel.

21. For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera.

22. Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos.

23. Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!

24. Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

25. Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?

Les hele kapitlet Matteus 6