Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 6:22-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos.

23. Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!

24. Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

25. Difor seier eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for kroppen dykkar, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?

26. Sjå på fuglane under himmelen! Dei sår ikkje, dei haustar ikkje og samlar ikkje i hus, men Far dykkar i himmelen føder dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?

27. Kven av dykk kan med all si sut leggja ei einaste alen til livslengda si?

28. Og kvifor syter de for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei arbeider ikkje og spinn ikkje,

29. men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.

30. Når Gud såleis kler graset på marka, det som står i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk, de lite truande!

31. Så må de ikkje syta og seia: Kva skal vi eta? eller: Kva skal vi drikka? eller: Kva skal vi kle oss med?

32. For alt det spør heidningane etter; men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.

33. Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.

34. Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

Les hele kapitlet Matteus 6