Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Matteus 5:14-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast.

15. Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset.

16. Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!

17. Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.

18. Sanneleg, det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt.

19. Om då nokon opphevar eit einaste av desse minste boda, og lærer menneska såleis, skal han reknast for den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre det, han skal vera stor i himmelriket.

20. Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda åt dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.

21. De har høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal koma for domstolen.

22. Men eg seier dykk: Den som vert sint på ein annan, skal koma for domstolen, og den som seier til ein annan: Din fåming, skal koma for Det høge rådet, og den som seier: Din gudlause narr, er skuldig til helvetes eld.

23. Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at ein annan har noko å klaga deg for,

24. så lat gåva di liggja framfor altaret og gå fyrst og forlik deg med han. Kom så og ber fram offeret ditt!

25. Ver snar til å semjast med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for domaren, og domaren gjev deg over til vaktmannen, og du vert kasta i fengsel.

26. Sanneleg, det seier eg deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.

27. De har høyrt det er sagt: Du skal ikkje bryta ekteskapet.

28. Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, han har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjarta sitt.

29. Om høgre auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen vert kasta i helvete.

30. Og om høgre handa lokkar deg til synd, så hogg henne av og kast henne frå deg! Det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen kjem i helvete.

31. Det er sagt: Den som skil seg frå kona si, skal gje henne skilsmålsbrev.

32. Men eg seier dykk: Den som skil seg frå kona si av annan grunn enn hor, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.

33. De har òg høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje sverja falskt, men halda det du med eid har lova for Herren.

34. Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, korkje ved himmelen, for det er Guds kongsstol,

Les hele kapitlet Matteus 5